. konfiskert

til orientering

av Frode Grytten 

vi kjem til å ta klokka di
og pengane dine
vi kjem til å ta gifteringen din
og smykket du har rundt halsen
med mindre du ikkje kjem opp med
ei aldeles tåredryppande historie
så vil vi konfiskere
øyredobbane dine og mobilen din
og datamaskina di

det er i aller beste meining
vi vil konfiskere sekken på ryggen din
og kofferten i handa di og hatten din på snei
og gåstolen din og kona di
så skal vi konfiskere gullet i plombane dine
og den frakken din som ser svindyr ut
vi kjem til å konfiskere
fiolinen din og saksofonen din
du må også bidra
sjølv om du kjem frå ingenting og har ingenting

og så kjem vi til å konfiskere
dagen din og natta di
fortida di og framtida di
minnene dine vil bli konfiskert
fotoalbum og kosebamsar vil bli konfiskert
håpet ditt og gleda di vil bli konfiskert
du vil få alt igjen om du drar herfrå friviljug
men vi må dessverre konfiskere
språket ditt og songane dine
og himmelen over deg
og havet under deg

blått skal konfiskerast
og raudt skal konfiskerast
og grønt og gult skal konfiskerast
(svart og kvitt kan du framleis ha)
så kjem vi til å konfiskere guden din
han er farlig for oss
det veit du vel

og gps-en din skal konfiskerast
og stjernene du seglar etter
båten din, vegen din, bøneropa dine
og du har kanskje tenkt:
«eg skal gå til eit trygt land,
eg skal gå over grensa til fred»
den tanken er no offisielt konfiskert

til slutt konfiskerer vi deg
vi tar huda di og håret ditt
og munnen din og kjønnsorgana dine
vi tar den eine lunga di
og begge nyrene dine
vi tar auga dine og alt du ser
og alt du føler med hjartet ditt

hjartet ditt er forresten konfiskert
her og no
vi tar beina dine
og dit du har tenkt å gå
og når du står der naken i tjue minus
vonar vi at du forstår at vi gjør dette
til ditt eige beste og fordi vi vil deg vel

velkomen hit
spørsmål?
opp med ei hand
om du lurer på noko!
rekk opp ei hand
så kan vi få konfiskert den òg

2 thoughts on “. konfiskert

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: